Per Spelmann
Per Spelmann han hadde ei einaste ku.
Per Spelmann han hadde ei einaste ku.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen
Han bytte bort kua, fekk fela igjen
«Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.»
Per Spelmann han spela, og fela ho let,.
Per Spelmann han spela, og fela ho let,
Så gutane dansa og jentene gret
Så gutane dansa og jentene gret
«Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.»
Per Spelmann han spela, og fela var go
Per Spelmann han spela, og fela var go
Så gutane dansa, og jentene lo
Så gutane dansa, og jentene lo
«Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.»
Og om eg vart gamal som stein under bru
Og om eg vart gamal som stein under bru
Nei, aldri eg byter bort fela for ku
Nei, aldri eg byter bort fela for ku
«Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.»
Og om eg vert gammal som mose på tre,
Og om eg vert gammal som mose på tre,
Så aldri eg byter bort fela for fé
Så aldri eg byter bort fela for fé
«Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.»
Og om eg vert gammal som skorpe på graut,
Og om eg vert gammal som skorpe på graut,
Så aldri eg byter bort fela for naut
Så aldri eg byter bort fela for naut
«Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.»